Hallen har internasjonale mål (20x40m) for handball. + 3m på kvar side.

Hallen er godkjent for inntil 1200 personar. Eigne reglar for over 600 personar (Branninstruks)

Sal 1 har teleskoptribune med plass til 220 personar.

Tribune vest har plass til ca 220 personar.

Tribune aust har plass til ca 100 personar.

Det er 2 klatreveggar og ein buldrevegg i hallen. Den største er B=15m x H=11,5m. Med overheng og ca 30 ruter. NB. Eigne reglar for bruk.

Den mellomste er B=4,5m x H=9m. Her er det Auto Belay. Dvs: Sjølvregulerande magnetbrems som sikkerheit for den som klatrar.

Buldreveggen oppe på Tribune aust er B=9m x H=3m. Fri klatring.

Det er oppslått Branninstruksar ved alle dører.

Ansvarleg leigetakarar SKAL ha lest desse.

Det er 2 senkeveggar i hallen, slik at hallen kan delast opp i 3 deler.

Det er kortlesarar på 2 plassar for å kome inn i hallen. Desse finn du ved lageret innerst til venstre i foajeen og ved døra inn ved garderobene. Begge desse fungerar for alle 4 dørene inn i hallen. Garderober og trenargarderober i gangen inn til høgre frå foajeen høyrer til hallen. Ved døra inn til Sal 3 i foajeen er det brytarpanel for lysstyring i hallen. Dimming på alle kursar.

Det er 4 lagerrom med dører frå hallen. Lager til Foaje/Samfunnshus Her er det ekstra stolar og bord og sceneutstyr.Det er også mange straumuttak for hallen her. Både 230 og 400 volt Lager til utleige. Lager til VBU. (Ikkje til bruk for leigetakarar) Lager til Vang klatreklubb. Leigetakarar av klatreveggen må avklare eventuelt lån av utstyr med klubben.

Ved inngang til Sal 3 er det: Bøttekott med utstyr for reinhald.

 Alle skal forlate hallen slik den var då dei kom.